Heisann, og velkommen hit!

Eg heiter Vilde, og er 31 år. Eg er opprinneleg frå Ørsta, for tida busett i Volda, og tek på meg fotooppdrag i nærområdet.

Eg har interessert meg for fotografi sidan eg fekk mitt første speilrefleks-kamera i konfirmasjonsgave for litt for mange år sidan, og portrettfoto har alltid vore favoritten. 

Eg er utdanna sosialarbeidar, jobbar fulltid i bank som kunderådgjevar, og tek på meg fotojobbar på ettermiddag, i helgane og i feriar. Fotografi er noko eg tek på meg utelukkande fordi eg elskar det, og ynskjer å kunne dele lidenskapen min med andre.



Fotografi for meg er å fange stemning, tid og kjensler. Å forevige MINNER, glede, og menneskE akkurat slik dei er.


Fotograferingar eg tilbyr


Det gir meg mykje å få lov til å fange minner som berre aukar i verdi etter kvart som åra går,
og som fleire generasjonar vil ha glede av i mange år framover. Det er så verdifullt å ha fine bilete
som du kan sjå tilbake på fleire år seinare, og hugse tilbake på.

Eg tek først og fremst portrettbilete utandørs. Nyfødtbilete tek eg innandørs i naturleg lys frå vindauge,
heime i mi eiga stue.



Dette kan du booke hjå meg:


  • Portrettfoto.
  • Nyfødtfotografering
  • Søskenfotografering.
  • Konfirmasjonsfotografering..
  • Bryllaup.


Ta gjerne kontakt for andre type førespurnader.

Portrett



Nyfødt



KONFIRMANT



SØSKEN